Rettleiing i bruk av segnbasen
HEIMESIDE
- Heimeside-ikonet: Vestlandet (Nullstiller heimesida)
A. Tre søk-knappar
1. KARTSØK: klikkbart kart.
- Kjem opp som førsteval på større skjermar: PC, lesebrett
- Er utelate på mobilar
2. LISTESØK med val i fem søkjefelt
- Kjem opp som førsteval på mobilar
3. FRISØK/KONTROLL-PANEL
- Frisøk: Skriv inn søkjeord i tome felt
- Kontrollpanel for alle søkjemåtar: Syner søkjelinkar
- Nede: Ein logg attende til tidlegare søk/funn
B. To hjelpe-knappar
7. HJELP: Bruksrettleiing
8. INFORMASJON: Framdrift/historikk/ teori/fag-linkar
C. Tre funn-knappar. Funn-knappane dukkar opp etterkvart som du søkjer
4. FUNN-LISTE (Funn: Segntitlar)
5. VARMEKART (Ulike fargar syner kvar eller kor tett segnene ligg)
6. VALD SEGN: segnoppslag (med ulike kategoriseringslenkjer under)
NB 1: Dei ulike kappane er på-kappar og ikkje av-knappar: dei koplar kvarandre ut!!
NB 2: Frisøk/kontroll-panel kan du klikka inn og ut med lupe-ikon og overstreka auge-ikon. Du treng ikkje å ha kontroll-panelet oppe heile tida, for det tek litt plass, men det er likevel lurt å ta ein titt iblant, for det kan hopa seg opp linkar som ikkje gjev noko funn. Normalt er det nok med ein link: klikk ut dei andre linkane eller nullstill heimesida og ta til på nytt. (Sjå: Kombinerte søk)
NB 3: Kontroll-panelet har òg ein logg, der du kan opna tidlegare funn.
ENKLE VEGAR INN I SEGNBASEN
A. Klikkbart kommunekart: syner segner i einksildkommunar (Ikkje på mobil)
B. Listesøk. Der er det fem felt å velja mellom:
1. Stad 2. Aktør 3. Tema 4. Lokalitet 5. Kjelde
MERK: Listesøk har to linksystem
- Klikkar du på plussteiknet framfor felta i Listesøk, får du undernivå i basebygnaden, t.d. Hordaland > Midthordland > Bergen mm. Denne strukturen med underordna punkt (pluss/minus) finst berre i liste-søk.
- Klikkar du på blå lenkjer, får du opp samla funnlister med segntitlar. Denne presentasjonen utan underordning finst i alle søkjemåtar: kartsøk, frisøk og lenkesøk i segnoppslaga.
C. Søk i eitt av dei tome søkefelta i Frisøk. Skriv inn t.d. kommunenamn i feltet 'Stad': Syner alle segnene i vedkommande kommune.
INNHALDET I DEI FEM FELTA I LISTESØK
1. STAD- feltet: (Fylke/fylkesdel/kommune/lokalnamn).
2. AKTØR- feltet:
Historiske personar, Mytiske vesen,
Religiøse figurar
3. TEMA- feltet:
- Handlingar : Det nokon gjer
- Hendingar: Det som skjer
- Opphavsforklaringar: Forklaringer på namn, naturformasjoner, eigenskapar mm.
- Syn på segn: metaperspektiv på segner
Syn på segn: 1. Ytringar om truverde i segna
Syn på segn: 2. Sjangertrekk: Fullsegn eller segnfragment
Syn på segn: 3. Segner med utdjupngar om tema, aktørar
- Vandresegner slik dei tematisk er systematiserte i ml-katalogen UIO
4. LOKALITETS- feltet:
Naturformasjonar, Kulturformasjonar
5. KJELDE- feltet: Heimelspersonar, nedskrivarar, samlingar
SEGNOPPSLAG: vald segn
Klikk på ein av
segntitlane, og du får opp eit Segnoppslag:
segn, kjelde, kjeldetekst, kommentar mm. Under står det dessutan
ei liste over linkar som gjennom analyse er lagt til segna av
redaktør. Dette området kallar me Link-liste. (Linklistene
er enno ikkje heilt kvalitetssikra, så det kan finnast feil og
manglar)
Søk i linklista
I segnoppslaget Pengeskòra og Gjest Bårdson er det fleire linklenkjer i linklista. Desse lenkjene kan brukast til søk.
Merk: kvart ledd i desse linklenkjene er sjølvstendige linkar: frå generelle kategoriar til spesielle kategoriar.
Klikk på td. på linken Kiste/gryte med verdisaker, og du får opp alle segnene med denne linken i segnbasen.
Dette er i mange høve eit interessant søkjeval
SØK RETT I SEGNBASEN I FELTET: Søk i aller segner
Ein kan gjera søk rett i segnbasen. Gå inn på FRISØK: søk i alle segner. Søk etter einskildord t.d. troll: syner alle segnene med ordet troll
Søk etter fleire ord t.d. troll rise: syner alle segnene med anten troll eller rise
Søk etter ordstrenger i hermeteikn: "med hale": syner segner med den frasen
KOMBINERTE SØK I TO FELT
Eit døme:
Skriv inn t.d. Gjest Bårdsen i Aktørfeltet
og t.d. Hordaland i Stadfeltet
Du får då opp alle Gjest Bårdsen-segnene i Hordaland
NB: I slike kombinerte søk bør eine linken vera knytt til Stad-feltet
Meir......