Segner på Vestlandet (HVL)

Segna om Folgefonna (Kvinnherad)

Ein gong for mange lange år sidan såg det annleis ut der Folgefonna no ligg. Der fanst ikkje snø; men der var flotte gardar og hus og vollar og bakkar og alt som til høyrde. Heile sju kyrkjesokner var der, og like mange kyrkjer og prestar. Men det var ikkje alt som det skulle vera der oppe, for folket var så vonde at det var reint fælt. Og det kunne ikkje Vårherre tola, og så måtte straffa komma.

Det var nett ein søndag at ulykka kom. Folk flest hadde gått til kyrkje, og klokkeljom lyddest ut over dalen. Men då presten stod på stolen, kom det eit fælande brak, så det dundra i dalen. Eit ofseleg snøvêr fyllte lufta, og fleire skred kom veltande. Det fauk og det rauk, og snøen gøymde allting, la seg som eit liklaken over alt og alle. Ikkje eit liv vart berga, så nær som ei kjerring som hadde gått ned til Reisæter, nærmaste garden, for å låna ei trova(?). (bb/ntø)


Stader:

Tema:

Søkbar kjelde:

Kjeldeopplysningar: Syn

Fast adresse: