Segner på Vestlandet (HVL)

Bygda under Folgefonna (Odda)

Der som Folgefonna i Hardanger ligg no, har det ikkje alle dagar lege snø og klake, seier dei gamle. I utgamle dagar skal det ha lege tre (eller sju) kyrkjesokner der, og det skal ha vore rektig gilde bygder. Men så tok det så fælt overhand med synd og ugudlegdom i dei bygdene at Vårherre kunne ikkje bera over med det  lenger. Så let han bygdene snøa ned, og  alt levande som fanst der, blei øydelagt. Det er fortalt om ein mann som gjekk på ski rundt ei kyrkje medan det heldt på å snøa. Men det var ikkje lange stunda før snøen gjekk jamt med kyrkjetårnet. Då snøen gjekk så høgt at det var så vidt han rakk nedpå toppen av kyrkjespiret,  når han stakk   skistaven nedi snøen, torde han ikkje vara der lenger, og då tok han ut derifrå, og han blei nok berga. 
         Om somrane når det rann bekkjer utunder klaken på kantane av fonna, skal det ha fylgt skålabrot og mangslags anna gammalt skrap med, og det  syner at det har budd folk der. (’Nesten alle herikring trur òg dette er visst og sant. Korfor skulle snøen ikkje gå av der så vel som andre stader, viss det ikkje var noko uallminneleg med den fonna?’ pla folk spørja.) (bb/ntø)

Stader:

Tema:

Søkbar kjelde:

Kjeldeopplysningar: Syn

Fast adresse: