Segner på Vestlandet (HVL)

Hamskifte: var-ulv (Vestnes/Fræna)

Gråbein-Arne 

Han Gråbein-Arne tente mange år i Tresfjorden hos Ola Hoem. Sidan skulle han flytte til Fræna. Dei visste ikkje kvar han var ifrå. Men det gjekk fullt og fast det ordet at han var ein varulv - at det hadde vore trolla på han slik at han til sine tider blei omskapt til ulv. Og då kunne han vere farleg både for folk og krøter. 

Ein dag han Arne og tenesttausa var i lag på slåtte-teigen, kjende han at trollskapen heldt på kome over seg. Og så varskudde han tausa at ho måtte røme opp i eit tre. Og ho var ikkje før komen opp i treet, før han Arne kasta ljåen og kleda og smatt inn i ein ulveham,  og tok til å yle som ein ulv og strauk til skogs. Om ikkje så lenge kom han att, i menneskeskapnad, tok på seg kleda og gav seg til å slå att. Men det var på høg tid ho kom seg opp i treet, sa han til tausa - for når han fekk ulvetimane sine, kunne han ikkje berge seg for å rive sundt alt levande han kunne nå i, sa han. Etter slike ulvetimar var han bleik og slapp, så det tok nok hardt på han. Men elles var han medgjerleg og snill.    (bb/ntgø)


<p>Tresfjorden > Hoem  (raud pil)</p>

Tresfjorden > Hoem  (raud pil)

Stader:

Tema:

Søkbar kjelde:

Kjeldeopplysningar: Syn

Fast adresse: