Segner på Vestlandet (HVL)

Folgefonna 1 (Kvinnherad)

I gamle dagar låg det ei stor bygd der som Folgefonna no er. Men folk der i bygda var så gudlause og fæle at dei jamvel brukte brødleivar (=brødmat) til å tørka føtene på. Så fekk dei det dei kunne venta seg, og bygda vart øydelagd

Det heldt på med å snøa i langsameleg tid så det var som snøen ausa ned. Då vart heile bygda nedsnødd og folka òg. Ein einaste mann berga seg på ski. Han rende av stad så fort han kunne, og riste snøen av skiene etterkvart som han fall oppå. På den måten berga han seg og kom seg til ei anna bygd; men alle dei andre snødde ned.

 I seinare tid skal det ein og annan gong ha hendt at dei har funne tinntalerkar og anna slikt som har flote ut av fonna. Det er leivningar av det innbuet som dei hadde dei folka som budde der i bygda. (bb/ntø). 


Bildetekst

Stader:

Tema:

Søkbar kjelde:

Kjeldeopplysningar: Syn

Fast adresse: