Segner på Vestlandet (HVL)

Skrubb  (Vindafjord)

I gamle dagar var det fullt av skrubb (=ulv) i Skjold og bygdene derikring. Han heldt seg helst i fjella; men rett som det var, gjorde han ferder ned på bøane. Det var til stor skade for folk. Så tenkte dei å gjera ein freistnad og jaga skrubben av. Folk samla seg i store flokkar og sette etter skrubben alt inn til Sandeid. Dei remja og skreik, gøydde og huja så det var fælt å høyra, og stygt måtte det vel låta når dei skulle skremma skrubben. alle var med, og dei fór i slik ein fart at dei nesten ikkje visste kvar dei var. Ein mann frå Vikadal kom rennande og såg seg så lite føre at han rende bort i eit tre og miste det eine auga. Ikkje rettare enn eg veit, fekk dei skremma skrubben, så han ikkje våga seg over Sandeid etter den dag. (bb/ntø)


Stader:

Skjold (33)

Sandeid (15)

Vikedal (19)

Tema:

Søkbar kjelde:

Kjeldeopplysningar: Syn

Fast adresse: