Segner på Vestlandet (HVL)

Segnomspunne prestar: glimt frå folketru

Bjørn Bjørlykke & Nils Tore Gram Økland

Jan/febr 2005

 

Presten sin posisjon

Presten var ein viktig person i det førindustrielle samfunnet. Dette hadde samanheng med at kyrkja var ein sentral samfunnsinstitusjon og presten ein viktig representant for statsmakta ikkje berre på det religiøse, men også på det verdslege området, t.d. ’folkeregister’, fattigstell, skule. Prestane utmerka seg også fordi dei var spesielt lærde menn. Før 1811 var dei alle utdanna i København.

 

I Noreg der ein ikkje hadde nokon sterk adel, utgjorde også embetsstanden ein sosial og ikkje berre ein kulturell overklasse. Dette gjorde at presten på mange måtar stod utanfor bygdefellesskapen. Dette kunne gi grunnlag for sladder, segner og mytar. Difor er prestane ein kategori som er godt representert i den munnlege forteljetradisjonen.

 

Ein del av desse prestane vert tillagt magiske evner og kunnskapar. Desse kunne dei ha skaffa seg på Wittenbergskulen eller ’nedgangsskulen’. Dei kunne også henta kunnskapen sin frå svarteboka.

  

Svarteboka

Det er tale om to typar svartebøker. For det første den verkelege svarteboka som inneheld t.d. oppskrift på vortefjerningssalvar og formlar av ulikt slag. Denne boka finst det bevart fleire eksemplar av i Noreg. (Sjå døme)

For det andre har me den  mytiske svarteboka. Det er forteljingar og forestillingar om ei svartebok som er så magisk, skræmande og hemmeleg at berre djevelen og hans medsamansvorne hadde tilgang til ho. Den som har tilgang til denne boka, kan skaffa seg vond kunnskap og fryktelege krefter.


Det vart påstått at fleire av desse svartebøkene stamma frå ei marmorkiste i universitetsbyen Wittenberg der dei skal ha vorte forfatta, og at prestar som hadde studert her (nedgangsskulen), kunne ha ei slik bok.


Me kjenner segna frå Helgeland som fortel om Petter Dass at han fekk Djevelen til å frakta seg på ryggen til København der han skulle halda ei preik. Slik vert Petter Dass framstilt som djevelens overmann.    

 

Makt over Djevelen

Me skal sjå på nokre lokale døme på prestar i vårt distrikt som hadde slik overnaturleg makt.

 

Nils Hertzberg var fødd i Finnås 1759 og levde til 1841. Han var son av presten Peder Harboe Hertzberg som er kjend mellom anna for marmorproduksjonen han dreiv på Moster. Nils Hertzberg var først prest i Kvinnherad (1786 – 1803). Seinare var han sokneprest i Kinsarvik (1803 – 1841). Då han flytta dit, tok broren, Peder Harboe Hertzberg, over kallet i Kvinnherad (1803 – 1830).

 

Herzberg hadde allsidige kunnskapar og interesser. Han hadde skaffa seg ei viss medisinsk utdanning, og i Kvinnherad tok han seg av koppevaksinasjon tidleg på 1800-talet. Kjeldene viser også at han praktiserte årelating og anna medisinsk behandling. I tillegg interesserte han seg for kjemi og fysikk, hadde kunnskapar om landmåling og kartteikning og er elles kjent for arbeidet sitt med fruktdyrking, hagebruk og potetdyrking.

 

I boka Levende og døde. Norsk sagnskat (1910) fortel Thrond S. Haukenæs frå Granvin om Nils Hertzberg:

 

Det var ein mann som kunne meir enn andre, denne Nils Hertzberg,   og det vil ein skjøna av følgjande hending. Haukenæs fortel så om ein gong Hertzberg var på veg heim frå Fet til Malmanger prestegard. Det var midt på mørke natta, og skysskaren måtte køyra forbi Trolleberg.

 

Trolleberg er ein høg berghammmar. Det vert fortalt at staden skal ha fått namnet sitt av all den trollskapen som hadde tilhald der. Mange fekk oppleva dette når dei måtte å gå forbi staden ved midnattstid. Den modigaste kunne missa motet når han kom framom Trolleberg då. Haukenæs fortel:

 

Då dei hadde komme til Trolleberget, stansa hesten med eitt opp og var ikke til rikka vidare. Det hjelpte lite at den ivrige presten skjelte og smelte, og prylte hesten. Han sprang då av kjerra, og medan han heldt hesten i beislet, såg han gjennem beisle-ringen. Frå gammal tid har det vore rekna som eit godt middel til å få sjå skrømt og underjordiske vesen. Og ganske rett, han hadde ikkje før sett gjennom beisleringen, før han  fekk auge på eit troll som stod framfor dei på vegen. Det var det hesten   hadde sett, men ikkje dei.

Då treiv presten ei bok opp av lomma og begynte å lesa i ho med stor iver.  Skysskaren var ikkje større tosk enn at han godt skjøna at det var  svarteboka presten las i, og at presen heldt på å mana den vonde (trollet)  og alt hans dit det høyrde heime. Då dette var gjort, steig presten i kjerra igjen, gav hesten eit rapp og køyrde av stad som om ingen ting hadde hendt, og dei kom vél heim.

Seinare viste det seg aldri trollskap ved Trolleberg meir, og folk trudde for visst at presten hadde mana dei derifrå for alltid.
Nils Hertzberg vert altså knytt til svarteboka og tillagt magiske evner.

 

Natur, Folkeliv og Folketro I Søndhordland (1888) fortel Haukenæs ei anna historie om Nils Hertzberg. Presten var då på veg heim med skyssbåt frå annekskyrkja på Ænes. Det var stilt vêr då dei starta turen, men han var ikkje komen langt på vegen før det byrja blåsa opp til storm.  Skyssfolka til presten tok alt til å orda frampå om at dei visst gjorde rettast i å snu, då dei vart merksame på ein gjenstand som dukka fram på bølgjetoppane langt bak. Stormen auka på, og gjenstanden som frå først av hadde sett ut som eit uklart svart punkt, kom nærmare og nærmare, inntil den berre var nokre få famner frå båten. Og kva anna såg dei vel no enn ei velkjend trollkjerring som kom siglande på ein kvernstein med ein soplime som segl.

Skysskarane blei så forskrekka av dette synet og det stormfulle vêret at dei reint miste fatninga. Berre presten var ganske roleg og sa: 

 

 "No må de ro godt, gutane mine, elles er det ute med oss! Får trollet koma  forbi oss, er ho redda, og vi går under i bølgjene, mens det motsette vil  skje dersom  vi kan halda oss framfor." 

 

Desse orda verka som dei skulle på skysskarene. Dei spente i av alle  krefter og heldt seg på denne måten eit godt stykke framfor trollkjerringa på møllesteinen, som sjølvsagt var ein dårleg farkost. Litt etter litt forsvann ho i det fjerne, stormen la seg, og  presten kom velberga til lands.

 

Ikkje lenge etter spurdest det at trollkjerringa som dei hadde sett påkvernsteinen, var død den same søndagen.

 

Desse to forteljingane om Nils Hertzberg framhevar presten sine uvanlege evner. Folk i Kvinnherad kjende sjølvsagt til at Herzberg kunne både det eine og det andre innan medisin så vel som fysikk, kjemi og landmåling. At han kunne gjera ’under’ også med t.d. å pota planter underbyggjer posisjonen hans.


Mange av prestesegnene er svært utbreidde vandresegner. Det er klart at prestar som fekk slike segner knytta til seg, ikke var kven som helst. Det har vore personar som har utmerka seg i lokalsamfunnet.  Mykje folketradisjon som i utgangspunktet ikke var knytta til ein bestemt person, må me rekna med også blei knytt til slike prestar. Desse prestane har altså fungert som magnetar på folketradisjonen. 

Nedgangsskulen

Nedgangsskulen er nemnd i fleire  prestesegner.  Hovudsetet  for denne skulen, var nok i Wittenberg der svarteboka skal ha vore skriven. Andre segner  nemner også nedgangsskulen i København.  Det blir sagt at dei som gjekk på denne  skulen, kunne meir enn sitt fadervår.  Dei skal ha fått opplæring i svartekunst og maning. Dei fleste som etter segna  gjekk i denne skulen, var prestelærde. 

 

Studentane på denne nedgangsskulen skal ikkje ha betalt  noko for utdanninga.  Undervisninga var visst litt spesiell sidan  dei ikkje  såg nokon lærar, men berre høyrde stemma. Det kvilde  ei uhygge over denne skulen slik det går fram av denne skildringa frå ei segn frå Nord-Noreg:  

 

I Skolebygningen gaves der Rum som Eleverne var strengelig forbudt at  betræde, men Rosenvinge hadde dog ikke kunnet styre sin Nysgjerrighet. Han hadde i et givent Øieblik betraadt et av de forbudte Rum, hvor han  da fandt en Gryte hengende over et Ildsted. Ved at undersøke Grytens  Indhold fandt han bl. a. Haanden av et Menneske! Herav tok han den  Slutning, at de der blev igjen paa denne Skole skulde tjene til Slagt.

 

Lønna djevelen skulle ha for undervisninga,  var  at ein av studentane  etter loddtrekning skulle bli igjen: Sidan “Medlemmerne paa denne Skole havde gjordt en Kontragt med Djævelen, for at faae Viisdom og Kunster fra han, skulde den siste som gik ud af Skolen tilhøre” Djevelen.

 

Dei som loddet fall på, kunne komma seg unna på to måtar. Det eine knepet var å be om utsetjing slik  oddapresten Jørgen Winter skal ha gjort i følgje Haldor Opedal: 

 Winther gjekk på nedgangskulen i Wittenberg, og då han var utlærd, ville hinmannen dra av med han som løn for skulestrevet. Men då berga Winther seg med eit knep. ’Du fær no bia, goe mann, te eg ha fængje butte oppom meg aine sok'kjen,’ sa han. ’Du fær rappa deg dao,’ sette gamlingen i. Men Winther gav seg god tid;  han gjekk med sokkasig så lenge han levde, og såleis snytte han kravsmannen sin.
 

Det same knepet nytta også ein svartekunstnar frå Vats som heitte Jørn Kolbrennar. Han hadde gått nedgangskulen i Danmark,  skriv Delgobe.   Kontrakten gjekk ut på at  styggemannen skulle ha den siste som gjekk ut av døra. Det blei Jørn, men så bad han den vonde om utsetjing til han hadde fått bunde det eine sokkebandet. Derfor batt han det aldri, men slepte det etter sig all sin dag 

 

Ein annan måte å komma ut av djevleklørne på  var å stikka av, men la skuggen  vera att. Dei som greip til denne utvegen, gjekk utan skugge  resten av livet. Eit døme på dette finn vi i segna om kappelanen Rosenvinge frå Alstadhaug: 


Da de andre gik ut av Skolen skulde han sidde igjen paa en Stol. Men da lot han sin Skygge bli igjen paa Stolen og gik ut sammen med de andre. Senere vidste der sig saaledes ingen Skygge for hans Legeme. Der skinnede baade Sol og Maane tvert igjennem ham! 

   

Å løysa og bitta hinmannen

Ved hjelp av svarteboka og kunnskapane dei hadde skaffa seg på nedgangs-skulen kunne prestane både løysa og binda djevelen. Denne kunnsten kunne òg andre få herredøme over, berre dei hadde svarteboka  og kunne dei rette formlane. Ein del av prestane som kunne svartekunsten,  er namngjevne,  andre er berre nemnde med yrkestittelen  og staden der dei budde. Slik er det med den såkalla strandebarmspresten  som vart tilkalla då djevelen tok hyre hos smeden på Hatteberg  i Rosendal og laga eit fæla leven.   


Då Strandebarms-presten kom, stilte han seg opp midt i døra nett idet djevelen stod ved smieelden og eldgneistane freste og fauk om han. Presten tok fram svarteboka og byrja å mana. Djevelen ville ut gjennom døra, men presten møtte han. Då fór djevelen gjennom skorsteinspipa med eit veldig brak og forsvann i lufta.

 

Ofte er det tilfeldige personar  som meir og mindre uforvarande   slepper  laus den vonde, og så må den svartebokskyndige presten til for å stagga han igjen.  Slik måtte presten Rørdam i Ullensvang mana djevelen til ro. Han skal ha gått på nedgangsskulen i Wittenberg og kunne såleis kunsten:


Ei helg han preikte i Odda, leitte drengen – som var heime på prestegarden – fram denne merkelege boka, seier dei. Han var uheldig og kom til å lesa dei orda som løyser hinnmannen. Med det same står Gamle-Eirik framfor han, fløytande galen, og spør kva han vil. Prestedrengen er snartenkt. Han dreg fram ei tønne rug og seier: ’No kan du telja denna kådntonna, so fær du arbai ai stund.’ Gamlingen sette seg til. 

 

I mellomtida glodde drengen i boka etter dei orda som kunne binda hinmannen, men han fann dei ikkje, og best det er står Svarten framfor han og er arbeidslaus. ’Du fær ga neri præsta-fjøro å laga ait tåg tao sanden darnere,’ sa drengen. Hinmannen ned i fjøra til gjeremålet sitt. Men det vart eit heller vanskeleg arbeid. Gamlingen gret, seier dei. 

 

Medan dette hender står Rørdam på preikestolen i Odda-kyrkja og preikar til ålmugen. Då med eitt kjenner han på seg at det er noko gale på ferde heime. Så snart gudstenesta er til ende, ber han presteskyssen om å ro han heim det snøggaste han vinn.  Då båten legg til prestebryggja, har hinmannen nett fått taustubben ferdig. Men no bind presten han, og faren er over. 

Tauet la dei opp på kyrkjelemen, og der vert det liggjande i mange år. Så kom folk til å tenkja på at det var ikkje kristeleg å ha eit slikt djevels verk i Guds hus. Difor kasta dei det utfor prestebryggja, og der skal det liggja den dag i dag.
 

I slike segner  vert djevelen ofte stagga litt undervegs  anten ved at han må til å  telja rugkorn i ei tønne, eller å laga tau av  sand. Det er tidkrevjande oppgåver som  seinkar djevelen   slik at dei vinn tid til å skaffa hjelp til å binda han att. 

 

Noko slikt skal ha gått føre seg i Etne der presten Heggelund skal ha mana djevelen til ro  etter at prestekona hadde sleppt laus den vonde: 

 

Heggelund hadde svarteboka, han. Ein gong mens han stod på preikestolen og preikte, hadde madammen funne svarteboka (…) og så las ho så ho løyste den vonde. Presten kjende det på seg, han, og måtte ned frå stolen og heim. Då han kom i Prestaleiredne, møtte han den vonde. Presten set han då til å leggja tog av sand og vatn borti Prestabekkjen, sjølv gjekk han heim og fekk fatt i svarteboka for å bitta den vonde igjen; Då han fann kona si, var han heilt svart av sinne fordi ho hadde brukt svarteboka. Då han hadde funne boka og skulle tilbake,  trefte han hinmannen som kom gråtande fordi han ikkje hadde fått toget til. Så mante presten han ned med det same. 

 

Ei tilsvarande hending skal  ha funne stad  på Ringøy i Eidfjord, men der  er presterolla noko neddempa. Det er den svartebokskunnige bonden som ordnar opp, men han sit i kyrkja og høyrer på preika då han  kjenner på seg at djevelen er løyst heime på garden: 

 

 Ein mann frå Ringøy var til kyrkje. Medan han sat og høyrde på preika,  kjende han så sterkt på seg at det stod gale til heime. Han fekk folk med  seg og drog heim att med det same. Der gjekk gamlingen uroleg omkring,  vill og galen, og barna, stakkar, var mest vitskremde. Dei hadde nok hatt fingrane borti svarteboka, såg det ut til. 

         

Då blanda mannen i saman ei tønne rug og ei tønne bygg og sette Djevelen til å sortera. Deretter sprang han inn på stabburet etter svarteboka og batt  han att.

 

Det same vandremotivet finn me i ei segn frå Hjeltnes i Ulvik der dei også hadde svartebok. 

 

 Ei helg Hjeltnes-mannen sat i kyrkja, kjende han på seg at det stod ikkje rett til heime. Han skunda seg heim, og der sprang gamlingen laus og  bråka i stovene. Bonden sette han til å telja korna i ei tønne med bygg, og før han var ferdig med det arbeidet, hadde bonden basta og bunde fanden.

 

Dette med at nokon uviljande løyser djevelen,  går att i mange  svaretboksegner. Det er og tilfellet i ei prestesegn frå Hellandsbygd i Sauda, men i dennne forteljinga brukar presten magiske hjelperåder som lys og jern til å mana djevelen vekk:

 

Så var det ein sundag presten var i kyrkja og heldt preik. Teenesteguten  hadde leita opp svarteboka og ved hjelp av den hadde han løyst Djevelen. Det blei då eit forferdeleg leven i prestegarden. Prestekona måtte ta ut til  kyrkja til presten. Han stod då på preikestolen. Presten befalte at dei fekk  setja Djevelen i arbeid til han var ferdig i kyrkja. 

 

Prestekona gjekk heim og befalte Djevelen å telja kornet i ein tønne rug. Dette gjorde han straks. Så befalte ho han å gå ned til stranda og tvinna tau av sand. Dette blei eit vanskeleg arbeid for han. Då han hadde tvinna ei alen langt, slitna det og Djevelen blei sint. 

 

 Då presten kom frå kyrkja, tente han eit ljos og spurte om Djevelen kunne  blåsa det ut. Dette gjorde han. Presten tente det ein gong til og spurte om  han kunne blåsa ut att. Djevelen gjorde det den gongen også. Men tredje  gongen greidde han det ikke. Dette synte at presten hadde makt over han.  Presten tok då ei varm jernspøte, svei eit hol i vindauget og befalte  Djevelen å gå ut der. Djevelen blei svært sint og ville ikkje gå ut, men presten nøydde han til det så ut måtte han. Men då knast det i heile huset så det ville nesten gå sund.  

 

Til langt ut på 1700-talet var det eit element i dåpsritualet at presten mana vonde ånder ut av barnet. Det er rimeleg å tru at denne evna til utmaning som presten stod for i kyrkja, vart overført til eit vidare felt slik me ser det i prestesegnene.

 

Kvernsteinen

Forteljinga om Nils Hertzberg kastar også lys over eit spesielt motiv i segntradisjonen, nemleg kvernsteinen. Det er mogeleg kvernsteinen har allusjonar til Bibelen; i segnene er også kvernsteinen knytt til noko trugande. Han kan vera farleg i seg sjølv fordi han er tung og kanskje vanskeleg å handtera sidan han også er rund. 

 

Ei kanskje rimelegare forklaring kan vera at kvernsteinen som ei tidleg teknologisk nyvinning i eit statisk jordbrukssamfunn var opplevd som noko unaturleg og dermed assosiert med trolldom. Denne forestillinga har så hange ved kvernsteinen opp gjennom tidene og såleis er han kome til å bli knytt til bl.a. trollkjerringar.

 

I ei segn frå Fitjarøyane og Austevoll heng kvernsteinen i ein tynn tråd over hovudet på ein mann som besøkjer Mannen i Håkelen som bur i ein undersjøisk grunne ytst i Selbjørnsfjorden.  

 

I segna om Hertzberg er kvernsteinen knytt til trolldom og djevelskap. Det ytrar seg ved at han oppfører seg naturstridig ved at han vert nytta som båt. I andre segner kan me sjå at kvernsteinen går feil veg  (rangsøles) under kverna. Då er det trollmakter – underjordiske eller nissen – som grip inn og lagar problem for menneska. Kvernsteinen vert altså nytta for å illustrera korleis djevlemaktene står for det bakvendte, det unaturlege.

 

Ei liknande segn frå Jondal fortel om Ullensvang-presten:

 Jondølene var så fæle med presten sin i gammal tid. Så sende han bod  etter presten i Ullensvang og bad han koma og hjelpa seg. På vegen utetter fjorden møtte Ullensvang-presten ei trollkjerring. Ho kom farande innetter fjorden på ein kvernstein.
 

Johan Fritzner Greve(1799 – 1883) var sokneprest i Sund, som nordlege delen av Austevoll høyrde til, frå 1833 – 1883. Han vert omtala som ein romsleg, sympatisk og særeigen prest; ein far og rådgjevar for soknebarna. Han skal ha hatt ei sterk helse og tolte godt dei strabasiøse og ofte livsfarlege sjøreisene i prestegjeldet.

 

I ei oppskrift frå Austevoll frå 1932 fortel Knut Nauthella om ei slik kyrkjereis. Her finn me att kvernsteinmotivet frå segna om Hertzberg:

 

Ein gong då gamle Greve var prest, hende det at nokre trollkjerringar var ute etter prestebåten. Presten sat i bakskuten og styrde, og tre karar rodde.  Best så det var, så ropte presten at dei måtte spenna i og ro, for han såg  noko.

         - Ka va da då? spurde roarane.
         - Ja, da konde no vera da sama, men di måtte berre ro.

Ja, dei tok i med dei klarte og kom opp under land. Då fortalde preste

 kva han hadde sett. Han hadde sett tre trollkjerringar som rodde på ein          kvernstein. To rodde med soplimar, og den tredje styrde i auga på kvernsteinen. Hadde dei nådd prestebåten medan han var utpå, så hadde det gått gale med han.

 

Greve var prest i same kallet i femti år. Han må ha vore omtykt, og han sette spor etter seg, m.a. gjennom konfirmantundervisninga. Noko biskop Birkeland fortel frå ein visitas, kan illustrera dette. 

 

 Jeg glemmer aldrig det mæktige Indtryk, han (Greve) udøvede en Aften  da han paa en Bakke ved Præstegaarden samlede om sig store Skarer af  Skoleungdom, der begyndte at samles til den følgende Dags Overhøring i Kirken. Det klare Maaneskin oplyste Kirken og Præstegaarden, og der stod den gamle Provst midt iblandt Ungdommen, og bad saa inderligt for Menigheden og dens Ungdom, for Fædreland og Konge og for sig selv, -  ba for os alle.

 

Liksom Herzberg har Greve ein høg status blant folk, og denne posisjonen gjer han til Djevelens overmann i  munnleg tradisjon. Same posisjon ser presten Grøgaard ut til å ha  hatt. Ei segn frå Ullensvang fortel om eit kortlag som var samla i skjenkestova på handelsstaden Bukken nord for Bjørnefjorden. Dei måtta senda bod på presten Grøgaard, og han  - mana (gamlingen) ut gjennom eit nålehol i blyramma i vindauget.

 

I vårt materiale ser det ut til at segnene om svarteboka og nedgangsskulen er knytt til prestar på 1600-talet og fram til om lag 1800. Dei har vorte utdanna i utlandet (Danmark eller Tyskland), og segna frå Jondal gir eit hint om at dette er prestar som bekjempa den gamle trua. Den gamle trua kan vera folketrua, men det kan også vera den katolske læra. Med andre ord kan det sjå ut som at det er dei tidlege lutherske prestane som vert knytta til svarteboka og nedgangsskulen. 

 

Når me kjem inn på 1800-talet, vert det mindre av slike segner og forestillingar. Det ser me t.d. når det gjeld presten Claus Daae på Stord på midten av 1800-talet. Når det gjeld posisjon i bygdesamfunnet, kan han til dels samanliknast med Nils Hertzberg, men det finst ingenting i munnleg tradisjon som tyder på at han hadde magiske evner. Tvert imot, Daae vert omtala som ein prest som distanserer seg frå overtrua.

 

Kamp mot vette og overtru

 

Claus Niels Holtzrod Daae (1806 – 1896) var ein svært sentral person i Stord-samfunnet kring midten av 1800-talet. Då han kom som sokneprest til Stord  i 1834, hadde han ei ferdig utarbeidd doktorgradsavhandling, men han disputerte aldri. Som prest for Stord, Fitjar og Valestrand budde Daae på prestegarden på Tyse til han gjekk av i 1861. Frå 1838 – 61 var han også rektor for det nyskipa lærarseminaret på Stord. Frå 1838 – 51 var han samstundes den første ordføraren i kommunen. Og i ein periode frå 1848 sat han på stortinget. Som prest og ordførar sat han sjølvsagt også som formann i ulike kommisjonar.

 

Me har ikkje registrert noko særleg munnleg tradisjon om denne presten, eller Daad’en som han ser ut til å ha blitt kalla blant folk. To små fragment kan likevel gi oss ein glimt av det bildet folk hadde av han.

 

I 1913 skreiv seminarlærar Torleiv Hannaas ned ei replikkveksling mellom Daae og konfirmantane. Kjelda hans var Jakob Tveita som då var om lag 70 år:

Daad'en (presten Daae) spurde lesarborni um dei hadde høyrt gjete nokon som hadde sett undejordsfolk. 

- Ja, far har sett, sa ein ifraa Fitja.
- Hvorledes saa den ud da?
- Han va liten so ein smaagut, og graa so ein hedning.

  Men daa lo Daaden.

Kvifor Daae tok opp spørsmålet om dei underjordiske fanst i konfirmantundervisninga, kan ein berre spekulera om. Det kan ha samanheng med den nye interessa for folketru og munnleg tradisjon som nasjonalromantikken skapte i høgare sosiale lag. Det kan også vera at han ville kartleggja kor sterkt ’overtrua’ stod blant folk og at han ville åtvara konfirmantane mot den slags.


Eit anna nedskriftsfragment etter Hannaas kan tyda på at Daae var noko skeptisk til folkelege uttrykksformer. Her skriv Hannaas følgjande:

Presten Dåe på Stord gav Reinert og Johs. Agdestein ein dale kvar for at  dei skulde slutta å spela.


Om det er kort- eller felespel det her er tale om, er uklart, men agdesteinsslekta er ei musikalsk ætt, så det var truleg felespelet Daae gjekk til felts mot.


Elles er det eit fast element i folketrua at ved gudsord og på innvigde stader misser vetta krafta si. Det er fleire døme på det. I ei segn frå Skånevek vert det fortalt at då presten vigde ein menneskegut og ei huldrejente, miste ho halen. Han datt ned på golvet ved altaret, men jenta var snar å ta han opp. Då presten merka det, måtte ho gje han frå seg, og presten tok vare på han.

 

I ei segn frå Karmøy vert det fortalt at presten Leganger på Torvastad ein gong vart bydd drikke av ei sølvkanne frå ein haugkall. Presten kasta innhaldet ut og stakk av med sølvkanne med haugkallen i helane. Han redda både seg og sølvkanna ved å koma seg inn på kyrkjegarden, det vil seia vigd jord. Denne segna har same motivet som den kjende Stord-segna om Ådlandshornet.

 

I ei sjøormsegn frå Ullensvang vert det fortalt om ein sjørorm som forfølgde båtar og folk som ferdast på fjorden. Jamvel kyrkjefolket vart plaga. Presten måtte då be ei bøn frå preikestolen om at folk måtte verta sparde for desse utyskja:

 

Folk sa at med det same han avslutta bøna si, kom det ein sværande stor fisk med eit blenkjande sverd i brystet og hogg ormane i småbitar så sjøen  vart raud som blod.

 

Det vert også fortalt om ein prest frå Nedstand som kunne trollbinda orm, og løysa og binda Gamle-Erik om det kneip, og endå til sjøormen var han ikkje redd for å gi seg i kast med. 

 

 

Den fromme presten

 

Erlend Michelsen(f. 1680) var prest i Fjelberg og Ølen  frå 1721 til 1738. Han hadde vore feltprest, og hadde løn (120 rdl.) til gode frå staten. Då Fredrik 4. selte kyrkjer med jordegods for å få pengar til statskassa, slo Michelsen under seg alle dei fire kyrkjene i prestegjeldet. Slik fekk han hand om verdiar som dekka det han hadde til gode.

 

Michelsen skal ha fått bygd nye kyrkjer både i Fjelberg og Ølen – der han også vart gravlagd. Den munnlege tradisjonen tyder på at han vart sett på som ein svært god kristen. Ja, det som hende då han skulle førast frå prestegarden på Fjelberg for å gravleggjast i Ølen-kyrkja, kan tyda på at han vart sett på som noko bortimot ein helgen:

 

Segna fortel at då liket hans vart ført ned til sjøen for å førast til Ølen,  sprakk den største klokka i Fjelberg kyrkje.

 

Det er noko legendeaktig over denne forteljinga. Ei legende er ei martyr- eller helgenforteljing vanlegvis basert på munnlege overleveringar om ein helgen eller martyrs liv og død. At kyrkjeklokka i Fjelberg-kyrkja sprakk, er eit sterkt uttrykk for sorg og at ikkje berre menneska, men også himmelen er berørt.

  

I ein artikkel i Segn og Soge1991 fortel Anders Haugland om presten Peder Heltberg som også ser ut til å ha stått i eit særleg nært forhold til Gud. Han vart prest i Ølen i 1662 – altså før Erlend Michelsen - og også han vart gravlagd under Ølen kyrkje (1702). Heltberg skal ha vore ein sterk forkynnar, og gjennom klokkaren sin skal han ha fått melding direkte frå Gud om å halda fram med dette.

 

Haugland fortel:

 Det var under Peder Heltberg si veldige forkynningstid at Vårherre steig  ned og openberra seg uti fjorden her, ved Sydnessundet. Kvitkledd og   med langt, kvitt hår stod han i strandkanten då klokkaren rodde forbi. Då  ropa Vårherre til han, (fritt attgjeve):

«Skund deg av stad til presten din. Fortel han at han må halda fram med si  sterke forkynning og si refsing av det vonde!» Og klokkaren stakkar, han sprengrodde mot prestegarden, «grædende, bedene og siungende», som  han sjølv sa. Han kasta seg ned framfor føtene til Peder Heltberg, og med  skjelvande røyst fortalde han om openberringa og bodskapen frå Vårherre.

 

Det vart ei stor sak av dette der biskopen (Randolf) vart dregen inn. Han kom fram til at det korkje var Vårherre sjølv eller Guds engel som hadde synt seg. Grunngjevinga var: ’Når det viser seg ein engel med skjegg, då er han ein Fandens engel!’

 

Minnet om Heltberg skal ha levd på fokemunne fram mot vår tid, og i 1963 reiste bygda ein minnestein på grava hans i Ølen.

 

Ein prest i Etne ser også ut til å ha vore uvanleg from. Me kjenner ikkje namnet hans, men han vert omtala i ei segn som stud. theol. og løytnant Gunnar Frette skriv ned og sender til folkeminnegranskaren Moltke Moe (sonen til Jørgen Moe) i 1881:

 Det var ein gong ein prest som var så gudfryktig at han fekk hengja  hanskane sine på solstrålene. Men ein gong mens han preikte, så kom den  vonde og skreiv opp namna på alle dei som sov i kyrkja. Han skreiv på eit  kalveskinn, men så vart det for lite. Den vonde tok då og beit i det og  skulle tøya det ut. Presten såg den vonde sto og nugga og sleit i kalveskinnet og drog så lite grann på smilen. Men då datt hanskane hans ned av solstrålene, for han skulle ikkje gjort det.
 

Det er noko tvetydig i denne forteljinga. Presten står i utgangspunktet i eit eige lys – han kan hengja hanskane sine på solstrålene. Dette er også uttrykk for at han har magiske evner. Samstundes vert han menneskeleggjort – han vert distrahert og freista til å smila av den vonde medan han står på preikestolen. At så mange i kyrkja søv under preika er også eit hint om at han ikkje var så gudbenåda som mange ville ha det til.

 

Samstundes vert Djevelen latterleggjort og karikert – han bit og tøyer i kalveskinnet så sjølv presten må smila. 

 

Med denne teksten  (i Frette sin versjon) er me godt inne på 1800-talet. Forteljaren har eit distansert forhold både til ovtrua om den fromme presten og til fokelege oppfatningar om djevelen. Dette kan vera eit uttrykk for at rasjonalismen no har trengt ned i folks medvit. Dei kan spøka og apa med det dei før frykta og tok alvorleg.