Segner på Vestlandet (HVL)

Fleire søkjemåtar


Databasen har to grupper ´søkjesystem: eit ytre på heimesida og eit indre i segnoppslaga.

Eit ytre søkjesystem på heimesida

A. Klikkbart kommunekart syner segner i einskildkommunar  (Ikkje på mobil)

B. Listesøk der det er  fem hovudfelt å velja mellom: 1. Stad 2. Aktør 3. Tema  4. Lokalitet  5. Kjelde

Listesøk har to lenkjesystem

  • Klikkar du på plussteiknet framfor felta, i «listesøk» får du opp undernivå i basebygnaden, t.d. Hordaland > Midthordland > Bergen . Denne strukturen med underordna punkt (pluss/minus) finst berre i liste-søk.

  • Klikkar du på blå lenker i segnoppslaga, får  du berre  opp samla og ustrukturerte funnlister liksom i dei andre søkjemåtane: kartsøk, frisøk og lenkesøk i segnoppslaga.

C. Frisøk (raud knapp i menylinja). Skriv du inn eit kommunenamn i feltet ‘Stad’, får du fram alle segnene i vedkommande kommune.



Eit indre søkjessystem/lenkjesystem i segnoppslaga

Alle søkjemåtar endar opp i eit segnoppslag  med segntekst. Under sjølve segnteksten  er det eit indre lenkjesystem. Dette indre lenkjesystemet er bygd opp i segnoppslaga, men i eit passordbunde grensesnitt.  Dei ytre søkjemåtane er  faktisk ulike speglbilete av det indre lenkjesystemet i segnoppslaga. Den ytre søkjemåten i «listesøk» liknar  klart på dette indre lenkjesystemet med dei same hovudfelta: stad, aktør, tema,  lokalitetar , søkbar kjelde, kjeldeopplysningar (under grøn knapp)


Kvart segnoppslag er eit basisdokument  i segnbasen. Lenkje-systemet under segntekstane er eit indre lenkjesystem mellom segnene. Her er eit døme på søkjeval  i eit segnoppslag knytt til segna Huldrene i Ljøsndalen (Lærdal) :


Stad:

Ljøsne  (7)

Aktørar:

  • personar-> -folk flest & grupper - > - gardsfolk - > - budeie/stølsjente
  • mytiske vesen -> - landvette - > - underjordiske - >- huldrefolk

Tema:

Handlingar -> - hopehav: folk & vette- inn i/ut av haug -> - folk inn i haug -> gjest i haug/huldreheim

Hanlingar -> - hopehav: folk & vette -> - ugreitt hopehav -> - folk får val: krenkja eller føya vette

Handlingar -> -  hopehav: folk & vette -> - ugreitt hopehav -> - folk avviser eller unngår vette -> - avviser tilbod om mat/drykk

Hendingar -> - lagnader: -> - medgang - motgang -> - kvar sin lagnad: ulike grunnar -> - løn/straff

Handlingar-> magi-handlingar ->  tabu-magi -> tabu-handlingar -> ta mot huldremat/drikk

Handlingar-> magi-handlingar -> spå/spådom -> - spår lagnader: kropp/sinn -> krøpling/sjuk i mange ættledd

Handlingar -> hopehav: folk & vette -> nærsøkne huldrer -> - huldrejente lokkar på ymse vis ->-tilbyr mat/drykk

Lokalitet:

Kulturformasjonar -> - maktgrenser: passasjar ->- dører/inngangar -> - vetteinngangar -> - dør i huldrehaug

Søkbar kjelde:

Personar ->-informant ->- Skogen, Knut Ivarson

Personar-> nedskrivar/samlar -> Rødberg, Torbjørn

Samlingar -> B: Private samlingar/hefte -> Rødberg-samlinga (1994/95/98)

Kjeldeopplysningar: Syn

---------------

Dette indre lenkjesystemet  er eit eige søkjesystem som opnar for  ei mengde søkjemåtar. Lenkjene i søkjesystemet er ordna hierarkisk i kjeder med fleire søkjefelt, delfelt. Alle delfelta i kjedene opnar lister med segner med tilsvarande tema. Eit trykk  til dømes  på søkjefeltet «kvar sin lagnad: ulike grunnar» gjev ei segnliste med tilsvarande tema i andre segner i databasen. Slik kan ein trykkja på alle delfelta i alle søkjelenkjene. Det gjev mange  spennande søk, men ein må ha klart føre seg kva ein vil, for det òg lett å gå seg vill


Kombinerte søk i to felt


Eit døme:

Skriv inn t.d. Gjest Bårdsen i Aktørfeltet

og  t.d. Hordaland i Stadfeltet

Du får då opp alle Gjest Bårdsen-segnene i Hordaland



Eit anna døme:

Eit trykk på  søkjefeltet «mytiske vesen»  under hovudfeltet Aktørar  opnar ei ei liste  med mange typar mytiske vesen.  Trykkjer du på søkjefeltet «gyger»  under landvettetypar  kjem det opp ei ny liste med landvettetypar.  Eit trykk på søkjefeltet «Gyger»  underr «trolltypar»  gjev ei liste med over 80 segn-oppslag.


Du kan avgrensa dette søket til td. Rogaland ved å trykkja inn Rogaland i Stadfeltet. Det gjev ei liste med gygresegner i Rogland

------

Gjennom slike kombinerte søk kan ein avgrensa funnlister. I  slike kombinerte søk  bør eine linken vera knytt til Stad-feltet.


SØK RETT I SEGNBASEN I FELTET: Søk i aller segner

  • Søk etter einskildord  t.d. troll: syner alle segnene med ordet troll
  • Søk etter fleire ord t.d. troll  rise: syner alle segnene med anten  troll eller rise
  • Søk etter ordstrenger i hermeteikn  td. "med hale": syner segner med den frasen