Rettleiing i bruk av segnbasen
A. Tre søk-knappar
1. KARTSØK: klikkbart kart.
- Kjem opp som førsteval på større skjermar: PC, lesebrett
- Er utelate på mobilar
2. LISTESØK med val i fem søkjefelt
- Kjem opp som førsteval på mobilar
3. FRISØK/KONTROLL-PANEL
- Frisøk: Skriv inn søkjeord i tome felt
- Kontrollpanel for alle søkjemåtar: Syner søkjelinkar
- Nede: Ein logg attende til tidlegare søk/funn
B. To hjelpe-knappar
7. HJELP: Bruksrettleiing
8. INFORMASJON: Framdrift/historikk/ teori/fag-linkar
C. Tre funn-knappar. Funn-knappane dukkar opp etterkvart som du søkjer
4. FUNN-LISTE (Funn: Segntitlar)
5. VARMEKART (Ulike fargar syner kvar eller kor tett segnene ligg)
6. VALD SEGN: segnoppslag (med ulike kategoriseringslenkjer under)
NB 1: Dei ulike kappane er på-kappar og ikkje av-knappar: dei koplar kvarandre ut!!
NB 2: Frisøk/kontroll-panel kan du klikka inn og ut med lupe-ikon og overstreka auge-ikon. Du treng ikkje å ha kontroll-panelet oppe heile tida, for det tek litt plass, men det er likevel lurt å ta ein titt iblant, for det kan hopa seg opp linkar som ikkje gjev noko funn. Normalt er det nok med ein link: klikk ut dei andre linkane eller nullstill heimesida og ta til på nytt. (Sjå: Kombinerte søk)
NB 3: Kontroll-panelet har òg ein logg, der du kan opna tidlegare funn.
A. Klikkbart kommunekart: syner segner i einksildkommunar (Ikkje på mobil)
B. Listesøk. Der er det fem felt å velja mellom:
1. Stad 2. Aktør 3. Tema 4. Lokalitet 5. Kjelde
MERK: Listesøk har to linksystem
C. Søk i eitt av dei tome søkefelta i Frisøk. Skriv inn t.d. kommunenamn i feltet 'Stad': Syner alle segnene i vedkommande kommune.
INNHALDET I DEI FEM FELTA I LISTESØK
1. STAD- feltet: (Fylke/fylkesdel/kommune/lokalnamn).
2. AKTØR- feltet: Historiske personar, Mytiske vesen, Religiøse figurar
3. TEMA- feltet:
- Handlingar : Det nokon gjer
- Hendingar: Det som skjer
- Opphavsforklaringar: Forklaringer på namn, naturformasjoner, eigenskapar mm.
- Syn på segn: metaperspektiv på segner
Syn på segn: 1. Ytringar om truverde i segna
Syn på segn: 2. Sjangertrekk: Fullsegn eller segnfragment
Syn på segn: 3. Segner med utdjupngar om tema, aktørar
- Vandresegner slik dei tematisk er systematiserte i ml-katalogen UIO
4. LOKALITETS- feltet: Naturformasjonar, Kulturformasjonar
5. KJELDE- feltet: Heimelspersonar, nedskrivarar, samlingar
Klikk på ein av segntitlane, og du får opp eit Segnoppslag: segn, kjelde, kjeldetekst, kommentar mm. Under står det dessutan ei liste over linkar som gjennom analyse er lagt til segna av redaktør. Dette området kallar me Link-liste. (Linklistene er enno ikkje heilt kvalitetssikra, så det kan finnast feil og manglar)
Søk i linklista
I segnoppslaget Pengeskòra og Gjest Bårdson er det fleire linklenkjer i linklista. Desse lenkjene kan brukast til søk.
Merk: kvart ledd i desse linklenkjene er sjølvstendige linkar: frå generelle kategoriar til spesielle kategoriar.
Klikk på td. på linken Kiste/gryte med verdisaker, og du får opp alle segnene med denne linken i segnbasen.
Dette er i mange høve eit interessant søkjeval
SØK RETT I SEGNBASEN I FELTET: Søk i aller segner
Ein kan gjera søk rett i segnbasen. Gå inn på FRISØK: søk i alle segner.Søk etter einskildord t.d. troll: syner alle segnene med ordet troll
Søk etter fleire ord t.d. troll rise: syner alle segnene med anten troll eller rise
Søk etter ordstrenger i hermeteikn: "med hale": syner segner med den frasen
KOMBINERTE SØK I TO FELT
Eit døme:
Skriv inn t.d. Gjest Bårdsen i Aktørfeltet
og t.d. Hordaland i Stadfeltet
Du får då opp alle Gjest Bårdsen-segnene i Hordaland
NB: I slike kombinerte søk bør eine linken vera knytt til Stad-feltet
Meir......
(Siste oppdatering 20.1.2023)
Heile datasbaeen er no meir gjennomarbeidd, men nye småjustertngar kjem jamt.
Arbeider no med ei utgreiing om korleis databasen er oppbygd
---------
I 2018 vart segnbasen utvida til heile Vestlandet og strukturelt omarbeidd. (Sjå «Litt historikk» nedanfor)
Det ligg no rundt 2000 segner. Redaktørane er i full gang med å omsetja og korrekturlesa tekstane, men det tek tid. Kanskje ferdig ut på hausten 2020.
Segnbasen vart presentert hausten 2019. Det har òg komme ein didaktisk artikkel i skulebladet Norsklæraren.
Hausten 2020 vart datasettet "Segner på Vestlandet" publisert via HVL Open Research Data og presentert på biblioteket Campus Rommetveit torsdag 1.10.2020.
Vidare arbeid:
1. Eit problem for oss no er kommunesamanslåing. Førebels vil me halda oss til 'gamle' kommunar , men på sikt vil me måtta forhalda oss til nye og utvida kommunar. Dette er etter måten enkelt å endra på, men dei gamle nemningane vil kunna fungera i lang tid framomover. Det gjeld t.d. skiljet mellom dei tidlegare fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. Slike gamle administrative område kallar me no landskapsområde. Det gjeld òg gamle kommunar i samanlegne nye kommunar som td. Lindås i dagens Alver kommune.
1. Linksystemet knytt til segnoppslaga må kvalitetsikrast: gjennomgåast og endrast der det trengst.
2. Det vil i 2021 òg komma ei teoretisk utgreiing om det underliggjande analysesystemet.
2. På sikt vil me leggja inn fleire segner i basen.
1.Litt historikk om Segner på Vestlandet
2. Segner som pedagogisk ressurs (Norslæraren nr. 4 2019)